Eg går ut ifrå at innlegget er ironiske meint, og eit åtak på den ubrukelege kulturjournalistikken som pregar media i dag? For har me verkeleg ikkje meir vituge ting å debattere enn treningsvanane til intelligentsiaen. Hadde det endå vore ein eller annan som hadde laga ei kvantitativ undersøking om til dømes treningsvanane til Trondheims-professorar i dag samanlikna med for femti år sidan kunne det kanskje ha vore noko. Men kven bryr seg vel om kor mykje eller lite eit relativt snevert sjikt Oslo-intellektuelle trenar.
Oppslaget i dag (dvs. fredag) i Klassekampen der Erling Fossen og Kjetil Rolness, som representantar for motkulturen, blir intervjua om trening er òg ganske typisk. Det er då nokså historielaust å rekne desse urbane kjekkasane i Oslo som ein del av den norske motkulturen. Omgrepet har historisk ei serskild tyding, der til dømes fråhaldsrørsla har vore ein ikkje uviktig del. Alle gamle motkulturelle var neppe like fuktige dei heller.