Djupedal har omtalt NTNU-saka som eit statskupp (Adressa i dag). Men det triste pr. i dag er i og for seg ikkje bananrepublikk-saksgangen før og etter 21. mars 1995. Og underslag av høyringsfråsegner med «feil» innhald er interessant berre i eit historisk perspektiv.

Det triste pr. i dag er den avleiande brønnpissinga som i så mange år har funne stad når folk vil at framtida skal vere ulik status quo.

Det gledelege i dag er at Djupedal har brote eit veletablert tabu, og at eit fagmiljø i Trondheim har klart å overleve politikkens krumspring lenge nok til å kunne feire eit hundreårsjubileum. Eg gratulerer gjerne siv.ing.-miljøet med ein velfortent hundreårsfest, og ser også fram til hundreårsjubileet til dei frie faga («universitetsfaga») i 2022. Håper det vert gratis kake då òg.

Reply

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering