Vel, ein viktig skilnad mellom SV og Raudt er jo storleiken. SV er i regjeringa, Raudt er ikkje på Stortinget ein gong. SV er representert i dei fleste kommunane, Raudt i relativt få. Dette gjer nok at Raudt ikkje blir eit reelt alternativ for meir enn nokre ganske få.
Elles har det jo, iallfall sidan 1917, vore ein grunnleggjande ideologisk skilnad mellom mellom den sosialdemokratiske tradisjonen (som SV stammar ifrå) og den kommunistiske (der Raudt har sitt utspring). Raudt arbeidder for mykje bra politikk, og det er mange Raudt-politikarar som gjer ein flott innsats både i folkevalde organ og andre stader, men eg er nok for mykje mensjevik til at eg seriøst har vurdert å røyste på partiet. (At det ikkje er mogeleg for meg å røyste Raudt i kommuneval, og lite gunstig av valtaktiske årsaker i Stortingsval, er kan hende òg ein grunn). Eit parti med prinsipprogrammet åt SV og arbeidsprogrammet åt Raudt (det er sjølvsagt ting eg er usamd i i begge delane) ville ha vore eit betre aternativ for meg.