Revolusjonsavsnittene i SVs prinsipprogram 1975-1987.
Striden mellom det arbeidande folket og kapitalistklassen er ein kamp om makt. Ingen rådande klasse gir godvillig frå seg makta si. Derfor kan kapitalmakta berre brytast ned ved ei sterkare motmakt. Berre ei levande sosialistisk masserørsle med sterke organisasjonar, med samhald og ei velutvikla politisk medvit kan skape ei slik makt.
Etter noen setninger om ønskeligheten av en fredelig overgang (som alle er enige i) skriver de:
Men alle sosialistar må og vere budde på at kapitalismen kan sette inn valdsapparatet sitt mot ei veksande sosialistisk masserørsle. Partiet vil gjere alt det kan for at sosialismen skal bli innført i Norge med fredelege middel. Men til sist er det styrkeforholdet i klassekampen og dei internasjonale tilhøva som avgjør om kapitalistklassen vil gi frå seg makta. Det vil skape betre vilkår for ein fredeleg overgang til sosialismen om den sosialistiske haldninga hos soldatane vert sterkare, om ein bryt med NATO og får til ei demokratisk styring av militærstellet som bryt med den autoritære kommandostrukturen. Faren for inngrep frå den internasjonale monopolkapitalen minkar og om Noreg blir meir sjølvforsynt og økonomisk mindre avhengig av andre land. Men sosialistane vil ikkje la borgarskapet stogga ei sosialistisk masserørsle med våpenmakt. Dei vil syte for at slik valdsbruk blir møtt med nødvendig motmakt frå arbeidarklassen.
I den revolusjonære kampen for sosialismen må ein halde på prinsippet om at alle menneske har rett til å arbeide for meiningane sine med demokratiske middel, utan å bli straffa eller utsette for vald. Men arbeidarklassen må ikkje halde seg passiv dersom borgarskapet grip til valdsbruk. Arbeidarklassen må skaffe seg styrke nok til rådsnart og effektivt å slå attende ein organisert kontrarevolusjon.
Om det sosialistiske demokratiet skriver datidas SV:
I det sosialistiske demokratiet må mindretalet sikrast fulle og like rettar til å arbeide for synet sitt. Det gjeld også for den borgarlege opposisjonen. Men ingen herskande klasse gir ifrå seg privilegium og makt frivillig. Røynsler frå andre land syner at borgarskapet respekterer demokratiet berre så lenge det arbeider på vilkåra til monopolkapitalismen og så lenge borgarskapet ikkje kjenner stillinga si truga. Også i Norge kan den tidlegare herskarklassen ta i bruk udemokratiske middel for å vinne attende herredømmet. Sosialistane må vere budde på å slå tilbake åtak på den retten fleirtalet i folket har til å utvikle eit sosialistisk samfunn på demokratisk vis.