Merkverdig frå Rasmussen, som eg trudde var Venstre-medlem (LibLab?). Klaging over ein innbilt "knebling" og denne valdsame opptekenheita av "venstresida", høyrer meir heime hjå Fjordmenner og Rustader. Sjølv Frp-arar har jo teke sjølvkritikk, og har vel jamt over vore for vituge til å komme med liknande utspel som ho gjer her. Lurer på om ho reknar sitt eige parti, som har ein meir liberal innvandrings- og integreringspolitikk enn iallfall Ap, til denne forferdelege "venstresida". Dersom islamofobe høgreradikalarar får mindre spelerom, burde det vel glede Rasmussen, som så vidt eg har fått med meg ikkje høyrer til desse?

Det er alltid sers patetisk nå til dømes Venstre-folk - Abid Raja gjorde ein gong det same - klagar over at "venstresida" - der eg må tru dei reknar Arbeidarpartiet for å utgjere hovuddelen - for å vere slike fæle innvandrarvenner. Dette ifrå det same partiet som ofte går til åtak på Ap for å vere innvandrarfiendtlege. Det heng rett og slett ikkje på greip når ho anklagar venstresida i staden for sitt eige parti! Dei fleste Venstre-folk er klar over at relativt store delar av venstresida er tilhengjarar av ein forholdsvis restriktiv innvandringspolitikk, noko dei både tidt og ofte bruker som eit argument for partivalet sitt. Så dersom ein godtek premissa til Rasmussen, kan ein ikkje kalle henne anna enn dobbeltmoralsk.

Reply

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering