Men verdien (uttrykt i prisen) av naturressursane er jo ikkje berre avhengig av mengda av arbeid som er nedlagde i varene, slik Marx føresette. Ein ressurs som t.d. olja har jo idag ein byteverdi som ikkje står i samsvar med det arbeidet som er nedlagt i vara. Det er jo grunnen til at den norske staten har enorme mengder kapital som han visstnok ikkje kan bruka til noko fornuftig.

Slik sett kan ein kanskje seia at marknaden prøver å få byteverdien av varene til å nærma seg bruksverdien? Sjølv om det er ganske sjukt, bruksverdien er jo ikkje ålmenn, og kan soleis ikkje målast. Men kva er då grunnen til at prisen på mange varer er høgare enn verdien av det arbeidet som ligg i varene?

Eg seier ikkje at Marx tek feil. Men eg ventar på at nokon skal fortelja meg korleis dette heng saman.

Reply

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering