Brunskvetting av Senterpartiet er ikkje uvanleg frå Europarørsla og andre unionistar, serleg på 90-talet. Det er slikt ein ventar seg av folk som til dømes Erling Fossen, og diverre frå somme andre ”byradikalarar” òg. Men det var ikkje noko eg hadde rekna med frå denne kanten. Tvert imot, folk i RV/Raudt har som regel vore dei som har teke sterkast avstand frå slikt.

Det er òg lett å forstå grunnen til at VG køyrer på med slike oppslag. Som dei andre storavisene i Oslo, hatar dei Sp (og bønder) som pesten, og i tillegg er eit åtak på Sp eit åtak på den raudgrøne regjeringa. Hans Petter Sjøli er jo ein slik ”globalvenstre”-kar, så motiva opplagde. Eg kjenner ikkje mykje til synspunkta åt Halvor Fosli, men då han blei intervjua i Klassekampen 22. januar sa han mellom anna:

”Ola Borten Moes motiver for å ansette meg må du nesten ta med han. Men jeg er positiv til den sunne patriotismen som Borten Moe og Senterpartiet har stått for. Vi er nødt til å trekke opp grensen mot sjåvinisme og usunn nasjonalisme, men en sunn patriotisme er vi nødt til å bygge på. Nasjonen legger fortsatt grunnlaget for politikken i Norge som i andre land. Men samtidig må vi bedrive sjølkritikk for å unngå å lefle med usunn sjåvinisme.”

Dette kunne jo ha vore sagt av kven som helst på den EU- og globaliseringskritiske venstresida, med unntak av Erik Solheim og eit par IS-arar. Ikkje minst hjå folk som soknar til partiet lengst til venstre har forsvaret av nasjonalstaten vore ei viktig sak, og ein har vore opptekne av å skilje mellom positiv nasjonalisme og nynazistar og slikt, der EU-frelst media har ville blande dette saman. Så seier han at han er mot EU, og mot at religion blir brukt til å legitimere undertrykking. Ingenting av dette er spesielt høgredreide synspunkt, heller tvert imot.

Så er det slik at Ola Borten Moe av og til langar ut mot det han kallar ”radikal islam”. Men dette er jo akkurat det same som Martin Kolberg gjorde for eit par år sidan. Så eg kan vanskeleg sjå at Moe med dette skulle vere på høgresida. Tvert imot – han er jo nærmast for ein Stoltenberg-lojalist å rekne, og tilsvarande i Maria Amelie-saka, der han rett nok bommar når han rettar skytset mot ”venstresida”, og ikkje mot den regjeringsfiendtlege, opportunistiske høgreopposisjonen. Om noko har vel innvandringspolitikken til Senterpartiet vore meir liberal enn Arbeidarpartiet sin. I den grad Sp har endra politikk her, så er det sosialdemokratiet dei har komme i møte, ikkje ytre høgre.

Reply

Innholdet i dette feltet blir ikke vist for andre.
  • E-postadresser og URLer vises automatisk som linker.
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og paragrafer brytes automatisk.

Mer informasjon om formatering